Sofie Nordvik


Sofie Nordvik er engasjert for rettferd både i internasjonale og lokale rørsler. Denne våren har ho bidrege til å planleggje skulestreikar samtidig som ho er ungdomsdelegat for Noreg til klimaforhandlingane i FN. Som kampanjekoordinator i KFUK-KFUM Global er Sofie oppteken av at alle unge skal vite om sine mogelegheiter til å forme verda vi lev i.

«Vi har alle ansvar for å seie ifrå når systemet for samfunnet pushar oss til å ta val som går imot vår moral. Vi veit ofte kva som er rett, det må bli enklare å velje rettferd og bærekraft. Vi treng eit system som hjelper oss å ta gode val som nasjon, lokalsamfunn, kyrkje og individ» // «Alle menneske er skapa med lik verdi. Det er på tide vise dette gjennom våre val og system for samfunnet»

One Reply to “Sofie Nordvik”

Leave a Reply